Scuderia Toten

Alfa Romeo

Fiat

Abarth

Italia

Meg Sjølv

Lenker

Gjestebok

Galleri

Ex - Bilar

Heimatt

 

 

ALFA ROMEO 156 Årets bil 1998

Dette er det ingen som har fortalt deg før, men Alfa hadde tidlegare ein annan 156, det var nemleg prosjektnummeret på den bilen som seinare vart 164, Fiat Croma, SAAB 9000 og Lancia Thema.

Den bilen som vart 156, sensasjonen frå Frankfurt i 1997, heitte derimot 932, som prosjekt. (Følgjer ein med på prosjektnummera lærer ein i alle fall mykje om kva det ikkje vart noko av). Starten gikk i 1993, ingeniørane fekk arbeide i fred, men når det kom til designen fekk Pininfarina og Italdesign i oppdrag å kome med forslag i konkurranse med Walter de Silvas Centro Stile hjå Alfa i Arese. Allereie ved første uttak i oktober 1993 var husets eige design i særklasse, men Italdesign fekk fylgje med noko lenger. Men i juli 1994, ved andre framvisning vart også dei eliminert. Det er ikkje mange som har noko å utsette verken på eksteriøret eller interiøret, eit design-ikon fra slutten av det forrige århundre. Utsjånaden åleine hadde vore nok til å gjere denne modellen til den fyrste Alfa Romeo med ”Årets Bil” i bakvindauget. Men den har no ganske mange andre kvalitetar også. Dessutan er det mogleg å selge den – den har blant anna sørga for at vi no ser Alfa Romeo på norske vegar nesten kvar einaste dag.

Min forrige Alfa Romeo:

2000 modell156 Sportwagon 1,8 TS

Skikkeleg "low rider" vart det. Senka 35mm med B+G fjøyrer, og justerbare demparar frå KONI

Eit vakkert eksemplar

 

Erstatninga, pouplært kalla "DYRET"

2004 modell156 Sportwagon 1,9 JTD 16V

Slett ikkje værst denne heller, 140 Hk turbodiesel, gjer at den lever opp til navnet sitt "Dyret"

Her i vinterskurd

Tida er komen for at "DYRET" skal forlate oss. Det har rulla på mange KM sidan den kom til oss, og det er på tide at andre også får glede av denne fantastiske bilen. Etterfølgjaren er allereie bestilt og har enn så lenge fått navnet "Sølvpilen" Den kjem til oss 3.mai håpar vi. Enno må vi ta til takke med bilete fra butikken i Tyskland.

"Sløvpilen"

2005 modell 156 Sportwagon 1,9 JTD 16V

Me ventar i spaning

Integrert GPS med piktogram....

Svart skinn blir noko nytt... blir det varmt og klamt eller ?

 

Godværet gjev inspirasjon til å ta nokre bilder av nyanskaffelsen. Må leggje til at den lever absolutt opp til navnet sitt. 10 Hk meir gjer susen. "Sølvpilen" susar over austlandet i låg høgde. Bileta er tatt ved Sjusjøen.

 

Kilde: www.bilnorge.no