Scuderia Toten

Alfa Romeo

Fiat

Abarth

Italia

Meg Sjølv

Lenker

Gjestebok

Galleri

Ex - Bilar

Heimatt

 

Scuderia Toten, eller Stall Toten om du vil.

Vi har kjøpt "løpsbil" og meldt oss på i CORSA ITALIANA. 

CORSA ITALIANA er Klubb Alfa Romeo Norge sin løpsserie for Italienske bilar eldre enn 15 år.

Bilen vi har kjøpt er ein 1994 modell FIAT Punto 55S, altså eit skikkeleg rivjern :-)

Her er doningen slik den såg ut då den kom til oss.

Skikkeleg "snøplog" i fronten. Har ein mistanke om at denne vil ligge att etter første turen i sandfella, men det får vi prøve å unngå. Å køyre i sandfella......

Ikkje stort bedre bakfrå, med "LEXUS" baklys og greier. Men det er ikkje utsjånaden som tel!

Teknisk er bilen temmeleg bra. Tidlegare eigarar har tatt den vesle rusta som var på den, og den ser ikkje så aller verst ut i lakken. Litt småbulkar må ein no rekne med, men det blir sikkert verre etter nokre turar på bane.

Oppdateringar som er gjorde er:

- Ope luftfilter frå KN, det fjernar astmatendensar når turtalet stig :-)

- Simmons sporteksos anlegg, mest lyd men å bli kvitt katalysator gjer også litt for ytelsen.

- Jamex tårnavstivar, tja kvifor ikkje, den sto montert ved kjøp....

- 13" lettmetallfelgar med 175/60-13 dekk (ganske slitne)

- Full styling, inklusive M3 - speil

- Interiør fjerna, det utgjorde ca 50 kg mindre vekt!!

Det som må gjerast er:

- Skifte toppakning (gåen)

- Skifte tannreim og løpehjul/strammehjul

- Gå over bremser og skifte det som er dårleg.

- Sette inn sikkerheits bur (sjølvbyggarbur)

- Racingstol (Sparco)

- 6-punkts belter (Sparco)

Så kjem det som er kjekt å ha:

- Nye 15" felgar med nye TOYO Proxes TR-1 195/50-15 dekk

- KW Senkesett -50 mm

- Nye KW gass støtdemparar

- Sparco racing ratt, då kan også alt tjafset til airbag fjernast.

Og det som er endå kjekkare, så det må bli til neste år:

- Ny motor 1242ccm med i utgangspunktet 75 Hk.

- Tricker trottlebodies

- KMS programmerbar motorstyring

- Fjerne varmeapparat ( minus 7 -8 kg)

- Montere oljekjølar for å kompensere for mindre kjøleveske

-Fjerne originalt ledningsnett og bygge nytt enklare. Mykje vekt å spare her, ca 15 kg!!

- Bytte sideruter med ruter i lexan (minus 7 - 8 kg)

- Kutte alt unødvendig stål i dører, bakluke og panser (minus 7- 8 kg)

 

Med dei modifikasjonane som er gjorde og det som er planlagd, bør dette bli ein morosam bil å køyre på bane, spesielt Rudskogen sidan det er ei ganske trang bane med få "toppfart" strekningar. Vålerbanen blir nok ei litt større utfordring, då svingane er mykje åpnare og der er fleire strekningar der ein verkeleg får strekt på beina.

 

Når den er ferdig har vi håp om slike data:

Løpsklar vekt: under 790 Kg

Motoreffekt: opp mot 90 Hk.

Så får me sjå korleis det utviklar seg.

Har også litt tankar omkring dekor, for det må det være på ein racerbil. Sidan det er Corsa Italiana må det være eit innslag av italienske fargar, og kanskje det blir noko i denne retninga:

Startnummer 176 har ein symbolsk betydning då Punto Mk.I kledde FIAT sitt prosjektnummer 176

Budsjett ? Torer vi å prate om det? Målet er å ha ein baneklar bil for under 35 000,- og enn så lenge er vi godt i rute.......

 

Meir om Corsa Italiana finn du her: www.corsaitaliana.no